Matematisk Problemløysing 2020

Veke 13. Kostnadsoptimum

Utan faste kostnader

14.1 Utan faste kostnader

Eksempeloppgåve 14.1 Ei bedrift har kostnadsfunksjonen

K(x) = 0,07x2 − x.

Finn gjennomsnittskostnaden A(x). Drøft og skisser A(x) og finn kostnadsoptimumet.

Løysing 14.1 Gjennomsnittskostnaden er gjeven som

A(x) = K(x) x = 0,07x − 1.

Dette er ein lineær funksjon, og skissa vert ei rett line.

PIC

Funksjonen A(x) er monotont stigande, so den lågaste gjennomsnittskostnaden får me når x er minste moglege (meiningsfulle) verdi. Merk at A(x) = K(x)∕x ikkje er definert for x = 0 sidan me ikkje kan dela på 0. Me kan ta ein verdi vilkårleg nær 0, og få ein gjennomsnittskostnad vilkårleg nær − 1, men negativ kostnad gjev heller ikkje særleg meining. Ein får gå ut frå at K(x) ikkje var meint for små verdiar av x.

Kostnadsoptimum gjev ikkje særleg meining i denne oppgåva.

Øvingsoppgåve 14.2 Ei bedrift har kostnadsfunksjonen

K(x) = 0,05x2 + 2x.

Finn gjennomsnittskostnaden A(x). Drøft og skisser A(x). Kva kan me seia om kostnadsoptimumet?