Matematisk Problemløysing 2020

Veke 9. Grensekostnad

Om fiskeforvalting†

10.5 Om fiskeforvalting†

Eksempeloppgåve 10.23 I fiskeforvaltinga søkjer ein å regulera fisket slik at utbytet vert størst mogleg over tid. Matematiske modellar vert brukt for å forklara samanhengen mellom mengd og tilvekst av fisk i havet. Ein slik modell (frå ?) er

g(b) = 0,005 ⋅ b ⋅ (100 − b),

som gjev tilveksten g(b) (g for growth) for ein gjeven bestand b.

Dersom fiskeuttaket er lik tilveksten, vert bestanden stabil. Finn den bestanden b som gjev høgast tilvekst.

Løysing 10.9 Lat oss byrja med å teikna ei skisse over funksjonen

g(b) = 0,005 ⋅ b ⋅ (100 − b).

Når ein av faktorane på høgre side er null, må produktet vera null. Dermed har funksjonen nullpunkt for b = 0 og for 100 − b = 0 (dvs. for b = 100). Desse nullpunkta markerer me i skissa.

Vidare kan me sjå at når me gongar ut parentesen (100 − b), får me eit andregradsledd (b2) med negativt forteikn. Kurva skal difor ha botnen opp.

PIC

Me skal finna toppunktet som er markert i figuren, dvs. punktet der den deriverte g′(x) = 0. Dersom me gangar ut parentesen er det lettera å finna den deriverte:

g(b) = 0,5 ⋅ b −0,005 ⋅ b2. (74)  g′(b) = 0,5 −0,01 ⋅ b. (75) 

Det gjev ei likning

0 = 0,5 −0,01 ⋅ b, (76)  b = 0,5 0,01 = 50. (77) 

Høgast tilvekst får me altso ved ein bestand på 50.

Merknad 10.11 Merk at fordi andregradsfunksjonen er symmetrisk, so må toppunktet 50 liggja midt mellom nullpunkta 0 og 100. Det er kjekt å sjå at dette stemmer me rekninga over.

Me har brukt den omstendelege løysinga med den deriverte for å øva oss til me får andre funksjonar som ikkje er symmetriske.

Øvingsoppgåve 10.24 Sjå på fylgjande vekstmodell,

g(b) = 0,002 ⋅ b ⋅ (150 − b) − 50,

der g(b) er tilveksten for ein gjeven bestand b. Finn den bestanden b som gjev høgast tilvekst.