Matematisk Problemløysing 2020

Veke 5–6. Finansmatematikk

Summeteiknet

5.2 Summeteiknet

Merknad 5.1 Me vil få nytte av meir kompakt, matematisk notasjon for tabellen i den alternative løysinga over. Skriv S6 for saldoen etter seks år. Tabellen viser at S6 er summen av seks ledd på formen 1000 ⋅1,03i for ulike verdiar av i. Matematisk skriv me

S6 = 1000 + 1000 ⋅1,031 + 1000 ⋅1,032 + 1000 ⋅1,033 + 1000 ⋅1,034 + 1000 ⋅1,035

eller

S6 = ∑ i=05(1000 ⋅1,03i).

Me kan setja utanfor parentes, slik:

S6 = 1000 ⋅ (1 + 1,031 + 1,032 + 1,033 + 1,034 + 1,035)

eller slik

S6 = 1000 ⋅∑ i=051,03i.

Ein slik sum, der alle ledda har formen a ⋅ bi for ulike verdiar av i, kaller me for ei geometrisk rekkje.

Merknad 5.2 Teiknet ∑ er den greske bokstaven stor sigma, men me kaller det gjerne for summeteikn når det er brukt som i merknaden over.

Eksempeloppgåve 5.3 Skriv fylgjande sum med summeteikn:

x2 + x4 + x6 + x8

Løysing 5.3 Her er det eksponenten som varierer frå ledd til ledd. Alle er partal, som kan skrivast som 2i, der i går frå 1 til 4. Då kan me skriva summen som

∑ i=14x2i.

Øvingsoppgåve 5.4 Skriv fylgjande sum med summeteikn:

x + 2x2 + 3x3 + 4x4 + 5x5

Øvingsoppgåve 5.5 Skriv fylgjande sum ut med eksplisitte ledd og plussteikn:

∑ i=15i.

Eksempeloppgåve 5.6 Ofte har me summar med svært mange ledd, t.d.

a1 + 2a2 + 3a3 + ⋯ + 100a100.

Skriv summen med summeteikn.

Løysing 5.4 Ellipsen (⋯) indikerer manglande ledd. Der er ingen formelle regler som seier kva ledd som manglar. Me må sjå på mynsteret i dei ledda som finst, og litt sunt bondevett, og dei fleste vil då tenkja at der skal vera 100 ledd på formen i ⋅ ai. Med summeteikn skriv me:

∑ i=1100i ⋅ a i.

Øvingsoppgåve 5.7 Skriv fylgjande sum med summeteikn:

x2 + x3 + x4 + ⋯x50.

Merknad 5.3 Me skreiv parentesene i Merknad 5.1 av pedagogiske grunnar, for å unngå tvetyding og gjera operasjonane lettare gjenkjennelege. Dei er ikkje naudsynte, og det er korrekt å skriva

S6 = ∑ i=051000 ⋅1,03i = 1000 ⋅∑ i=051,03i. (30)