Matematisk Problemløysing 2020

Veke 3–4. Eksponentialfunksjonen

Verditap

3.2 Verditap

Eksempeloppgåve 3.9 Akskjefondet Nye marknader har gått dårleg dei siste åra. Verdien har falt med 10% kvart år. Teodor investerte 200 000 kroner for åtte år sidan. Kor mykje er parten hans verd i dag?

Løysing 3.3 Eit verditap på 10% er det same som vekst på − 10% eller −0,1. Dette gjev ein vekstfaktor v = 1 −0,1 = 0,9. Verdien på fondsandelen etter t år er då 200 000 ⋅0,9t. No, etter åtte år, er verdien

200 000 ⋅0,98 ≈86 093,44.

Parten hans er verd 86 093,44 kroner.

Øvingsoppgåve 3.10 Johnny har kjøpt ein bil til 600 000 kr. Bilen fell 15% i verdi kvart år. Kor mykje er bilen verd etter sju år?

Øvingsoppgåve 3.11 Tenk deg ein fondsandel på 1000 kroner. Lag eit plot for å samanlikna verdiutviklinga når verdien fell med 1%, 5% eller 10% per år.

Dersom du plottar på maskin, kan du godt prøva ulike interval på x-aksa, både [0…25] til [0…1000].