Matematisk Problemløysing 2020

Veke 5–6. Finansmatematikk

Uendeleg kontantstraum

5.8 Uendeleg kontantstraum

Eksempeloppgåve 5.35 Investoren Kristin West vurderer å kjøpa opp gründerbedrifta Knallstraum AS. Knallstraum AS er bygd på ein unik idé, og Kristin reknar med at dei vil tena 20 millionar kroner i året i all framtid. Kva er noverdien til bedrifta når me reknar med 4% diskonteringsrente?

Løysing 5.18 Noverdien til ei bedrift, er verdien av den kontantstraumen (inntektsstraumen) som ho er venta å gje. Det er naturleg å tenkja at den fyrste inntekten kjem om eitt år, slik at noverdien vert

I1 = 20 1,04,

rekna i mNOK.

Heile kontantstraumen vert ein sum med uendeleg mange ledd:

I = 20 1,04 + 20 1,042 + 20 1,043 + 20 1,044 + ⋯ = ∑ j=1∞ 20 1,04j = 20 ⋅∑ j=1∞ 1 1,04j,

der ∞ tyder uendeleg. Dette er eit godt utgangspunkt for å bruka formelen for ei geometrisk rekkje, men éin ting er feil. Summen startar på j = 1, medan formelen krev at han startar med j = 0. Dette kan me ordna, ved å ta éin faktor til utanfor summen:

I = 20 ⋅ 1 1,04 ⋅∑ j=1∞ 1 1,04j−1.

No ser me at når me tel frå 1, startar eksponenten j − 1 på 0. Set me inn i = j − 1, får me

I = 20 1,04 ⋅∑ i=0∞ 1 1,04i.

No har me den vande formen, og formelen gjev

I = 20 1,04 ⋅ 1 1,04∞− 1 1 1,04 − 1 . (33) 

Sjå no på potensen som dukkar opp:

1 1,04∞

Sidan nemnaren er større en teljaren er brøken mindre enn 1, og når me gongar brøken med seg sjølv vert talet enno mindre. Eksponenten ∞ tyder at me gongar brøken med seg sjølv uendeleg mange gongar, og dermed kjem potensen uendeleg nær null.

1 1,04∞ ≈ 0

Då får me

I = 20 1,04 ⋅ − 1 1 1,04 − 1 = − 20 1 −1,04 = − 20 −0,04 = 20 0,04

Det siste steget tek me på kalkulator og finn I = 500. Mao. bedrifta er verd 500 mNOK.

Øvingsoppgåve 5.36 Karl er ein litt meir pessimistisk investor. Han vurderer òg å by på Knallstraum AS, som i forrige oppgåve. Han er samd i inntektsvurderinga på 20 millionar kroner i året, men han reknar med 3% diskonteringsrente. Kor mykje kan Karl maksimalt tenkja seg å by på bedrifta?

Øvingsoppgåve 5.37 Optimisten Ola trur at Knallstraum AS kjem til å tena 25 millionar kroner i året i all framtid. Han reknar med 3,5% diskonteringsrente. Kor mykje meiner Ola at bedrifta er verd?

Merknad 5.11 Me har brukt litt uortodoks notasjon over, og skriv x∞ der strenge matematikarar ville ha skrive

lim a→∞xa.

Denne notasjonen med lim for latin limes (engelsk limit) eller grenseverdi på norsk, er nyttig nok, men her er han unødvendig tungvint. Den uortodokse notasjonen x∞ er mykje lettare å forstå, og sidan han òg er utvetydig er det uproblematisk å ta han i bruk.