Matematisk Problemløysing 2020

Veke 11. Funksjonsdrøfting

Tredjegradsfunksjonar

12.2 Tredjegradsfunksjonar

Eksempeloppgåve 12.7 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = x3 + x2 − 2x.

Marker topp- og botnpunkta.

Løysing 12.3 Éin god start er å finna topp- og botnpunkt. Den deriverte er

f′(x) = 3x2 + 2x − 2.

Topp- og botnpunkta finn me ved å løysa

0 = 3x2 + 2x − 2,

og formelen gjev

x = − 2 ±22 − 4 ⋅ 3 ⋅ (−2) 2 ⋅ 3 = − 2 ±4 + 24 6 = −1 3 ±28 6 .

Dette gjev x = 0,549 og x = −1,215. Vidare ser me at f′(x) er stor (positiv) for store og små verdiar av x. Dvs. at f(x) aukar fram til −1,215, fell vidare til 0,549, og til slutt stig igjen.

Det er òg lett å sjå at f(0) = 0, so kurva må gå gjennom origo. Det ser slik ut.

PIC

For å finna y-verdiane på topp- og botnpunktet, har me sett x-verdiane inn i funksjonen, slik

f(−1,215) = (−1,215)3 + (−1,215)2 − 2 ⋅ (−1,215) = 2,1126, (82)  f(0,549) = 0,5493 + 0,5492 − 2 ⋅0,549 = −0,6311. (83) 

Merk at me ikkje har funne dei to andre nullpunkta nøyaktig. Difor er det berre nullpunktet i origo som me har markert tydleg med ein prikk.

Øvingsoppgåve 12.8 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = −x3 + x2 + 2.

Marker topp- og botnpunkta.

Øvingsoppgåve 12.9 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = −x3 + x2 + 2x.

Marker topp- og botnpunkta.

Eksempeloppgåve 12.10 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = x3 + x2 − 2x.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.

Løysing 12.4 Me byggjer vidare på skissa frå oppgåve 12.10, der me fann topp- og botnpunkt. No treng me skjæringspunkt med aksane.

Skjæringspunktet med y-aksen er enkelt å finna, som funksjonsverdien ved x = 0. Me skriv

f(0) = 03 + 02 − 2 ⋅ 0 = 0.

Det er generelt vanskeleg å finna nullpunkta for ein tredjegradsfunksjon, men i dette tilfellet er det enkelt. Der er ikkje noko konstantledd, og dermed kan me dra x utanfor ein parentes:

f(x) = x3 + x2 − 2x = x(x2 + x − 2).

Når f(x) = 0 har med altso anten x = 0, eller

x2 + x − 2 = 0.

Andregradslikninga kan me løysa med formel, og me får x = −2 eller x = 1. Totalt har me tre nullpunkt x = −2, 0, 1. Me utvider skissa frå oppgåve 12.10 med ny informasjon.

PIC

Øvingsoppgåve 12.11 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = −x3 + x2 + 2x.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.

Eksempeloppgåve 12.12 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = x3 − 8x2 + 18x.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.

Løysing 12.5 Denne funksjonen har òg x i alle ledda, slik at me kan faktorisera enkelt:

f(x) = x ⋅ (x2 − 8x + 18).

Me har altso eit nullpunkt i x = 0. Dersom me set parentesen lik null,

0 = x2 − 8x + 18,

og løyser med formel, får me eit negativt tal under rotteiknet, so dette andregradsuttrykket har ikkje noko nullpunkt. Det einaste skjæringspunktet mellom f(x) og aksane er i origo.

Den deriverte er

f′(x) = 3x2 − 16x + 18.

Nullpunkta (for den deriverte) er gjeve ved formelen som

x = 8 ±10 3 = 1,613 3,721

Tilsvarande y-verdiar er

f(1,613) = 12,42, (84)  f(3,721) = 7,73. (85) 

Me markerer topp- og botnpunkt, samt nullpunktet i origo og teiknar på frihand.

PIC

Øvingsoppgåve 12.13 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = −2x3 + 15x2 − 32x.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.

Øvingsoppgåve 12.14 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = x3 − x2.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.

Eksempeloppgåve 12.15 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = x3.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.

Løysing 12.6 Dette er ein enkel funksjon. Det er lett å sjå at funksjonen er monotont stigande og går gjennom origo. Me får likevel meir informasjon ved å sjå på den deriverte

f′(x) = 3x2.

Den deriverte er 0 akkurat i origo. Kurva åt f(x) er altso fyrst bratt stigande, flatar ut inn mot origo, men tek so til å stiga igjen, brattare og brattare. Plottet ser slik ut:

PIC

Øvingsoppgåve 12.16 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = x3 + x.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.

Øvingsoppgåve 12.17 Drøft og skissér funksjonen

f(x) = x3 − 1.

Marker topp- og botnpunkta og skjæringspunkta med aksane.