Disposisjon
Programmering for Lærarar i VGS
3 Disposisjon
Disposisjonen er mest å sjå som ei idémyldring til vidare kurs.
3.1 Jupyter Notebook
- 1.
- Jupyter Notebook som skriveprogram for matematisk tekst
Me arbeider med matematiske problem, og drøftar løysingar i prosa. Me programmerer utvalde steg som egnar seg for maskinrekning. Jupyter lèt oss fletta saman prosa og programmering.
- 2.
- Matematisk funksjon og plotting: Jupyter/plotting.ipynb
- Funksjonsdefinisjonen
- Variablar, tilordning
- Kommandosatsar
- Plotting
- Dokumentasjon, kjelder til fleire moglegheiter
- 3.
- Øving Jupyter/xplotting.ipynb
3.2 Imperative programmering
I den fyrste delen såg me berre på korte seriar med instruksjonar, og stort sett kunne me ta éin instruksjon åt gongen. Programmering handlar om å setja saman instruksjonar, og lata fortsetjinga avhengja av kva som skjer undervegs.
- 1.
- Halveringsmetoden: Jupyter/bisection.ipynb
- Vilkårssats
- Løkker
- Algoritmisk funksjon
- Rekursjon
- 2.
- Sekantmetoden: Jupyter/secant.ipynb
3.3 Andre døme
3.3.1 Oppsummering
3.3.2 Trapesmetoden
3.3.3 Gausseliminasjon
3.4 Slumptal og terningkast
- Terningkast: Jupyter/random.ipynb
3.5 Finansmatematikk
- Finansmatematikk: Jupyter/finance.ipynb
3.6 Gruppeprosjekt: ei oppgåve til klassa
Oppgåve 1 Arbeid i grupper med felles undervisingsfag. Drøft interessant elevoppgåver i faget. Finn éi eller to oppgåver som (kanskje) kan løysast programmatisk og presenter dei for heile kursgruppa.
3.7 Andre paradigme og idéar
3.7.1 Objektorientert
Det dominerande paradigmet for å utvikla større programsystem er objektorienter programmering, med Java som eitt av dei mest populære språka. Java er òg det føretrukne språket for app-utvikling på Android, som er spesielt tilpassa Java.
Greenfoot og BlueJ er pedagogiske hjelpemiddel for å læra objektorientert programmering med Java. BlueJ er tilpassa generell Java-programmering, og er mest interessant ved systematisk opplæring i objektorienter programmering.
Greenfoot er interessant fordi det legg godt til rette for agentbasert simulering. Her går det an å eksperimentera med simulering av
- 1.
- bytte/rovdyr (biologi/økologi)
- 2.
- demografi (samfunnsfag)
- 3.
- mekaniske system (fysikk)
3.7.2 Programmering for vevlesaren (Javascript)
Javascript er eit interessant språk fordi ein skriv kode som køyrer direkte i vevlesaren. Dette gjer det til det mest platformuavhengige språket i dag. Det er det einaste som brukaren kan køyra direkte frå ei vevside utan å installera lokalt.
Javascript vert brukt både til små snuttar og komplekse system. Ein kan til flotte presentasjonar ved å tenkja mest i HTML, og fylla inn med små javascriptsnuttar for å få spesielle effektar.
Spesielt er terskelen for visualisering lågare i Javascript enn i dei fleste andre språk. Dette gjer det velegna til ein del relevante elevoppgåver i simulering og dataanalyse, t.d.
- 1.
- simulering av mekaniske system (fysikk)
- 2.
- dataanalyse (matematikk og statistikk)